Ulvik Herad Spira – barne- og familieeining

Fagansvarleg PPT

Ulvik herad søkjer ein fagleg engasjert medarbeidar med master i spesialpedagogikk til ei spennande stilling som fagansvarleg i PPT.

Me ønskjer ein medarbeidar med kompetanse og erfaring innan:

  • Systemretta arbeid og utvikling av gode klasse- og læringsmiljø.
  • Kartlegging, testing og utgreiing, gjerne med kompetanse på WISC.
  • Sakshandsaming og spesialpedagogiske vurderingar.
  • Tverrfagleg samarbeid med skular, barnehagar og føresette.

Stillinga inneber òg å vere ein del av og bidra inn i lågterskeltilbodet Spira, med vekt på tidleg innsats, rettleiing og førebyggjande arbeid.

Stillinga kan evt utvidast til 100% stilling der 50% vert delt med skule og/eller barnehage, som lærar.

Me søkjer deg som er fagleg trygg, har gode samarbeidsevner og ønskjer å bidra til heilskapleg og inkluderande oppvekstmiljø for barn og unge.

Del på:

Referansenummer:

2026/1809

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.12.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Spira

Kontaktpersonar:

Åshild Søvik Underdal

Stilling: Kommunalsjef oppvekst

tlf: +47 41866970

E-post: ashild.underdal@ulvik.kommune.no

Adresse:

Tyssevikvegen 14 5730 Ulvik

Kart: