Ulvik Herad Ulvik barnehage

Fagarbeidar/assistent 100% mellombels

Fagarbeidar/assistent

Ulvik barnehage ligg på Lekve, ca to km. frå Ulvik sentrum. Her er eit stort og flott uteområde, med tilgang til eit rikt nærmiljø med både natur- og kulturopplevingar.

Barnhagen har fire avdelingar, to småborns- og to storbornsavdelingar, med plass til rundt 60 born tilsaman.

Ulvik herad er ein heilskapleg kommune, der barnehagen er ein sentral del av fellesskapet. I barnehagen skal dei yngste innbyggjarane møta ein trygg arena for utvikling, leik og samspel. Me legg stor vekt på høg fagleg kvalitet og jobbar aktivt for at dei tilsette får utvikla og vidareutvikla kompetansen sin.

 

Ulvik herad har starta bygging av ny barnehage.

Ulvik herad er i tiltaksone for nedskriving av studiegjeld

 

Hovudsatsing  for barnehagen er inkluderande barnehagemiljø og berekraft, samt  uteaktivitet og natur som læringsarena.  Målet til Ulvik barnehage er også «Ein stad der alle trivst» leiken står sentralt gjennom heile barnehagedagen.

 

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Me søkjer etter deg som kan samarbeida i team, kan kommunisera godt med barn, kan arbeide sjølvstendig, ynskjer å læra av og med andre, er utviklingsorientert, har positivt barnesyn, har humor og god relasjonskompetanse.

 

Det er to stillingar som vert lyst etter.

Den eine stillinga er frå 01.01.27 - 14.08.27 med mogelegheit for vidareføring

Den andre stillinga er frå 01.01.27 - 01.05.27 med mogelegheit til vidareføring 

 

Del på:

Referansenummer:

2026/1891

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.12.2026

Tiltreding:

01.01.2027

Arbeidsstad:

Ulvik barnehage

Kontaktpersonar:

Sonja Haugland

Stilling: Styrar

tlf: +47 40007140

mob: 40007140

E-post: sonja.haugland@ulvik.kommune.no

Adresse:

Skeiesvegen 3 5730 Ulvik

Kart: